Publisert: 1. okt. 2024

IPX x Rosa sløyfe-aksjonen

Rosasloyfe

For andre året på rad arrangerte IPX 12 timer stream til inntekt for Rosa sløyfe-aksjonen. Og for ein dag me fekk saman med alle dykk som var med å deltok. Enten du satt heime i godstolen, med oss her forran og bak kameraet. Utan dykkar engasjement og velvilje til å bidra hadde ikkje dette hatt livets rett, så frå alle oss til alle dykk; 82 000 takk! Mellom barberingar, gysarspel, slush styrting til cola- og MEGA rull compo, for ikkje å gløyma surstrømming. Dykkar ynskje til å sjå neste delmål vart med å bidra til 82 000kr som går uavkorta til årets Rosa sløyfe-aksjon!

Tusen takk til alle dykk som er med oss her frå vårt «studio» og som stort sett utan store protestar er deltakar i dei ulike delmåla. Utan dykkar hadde ein ikkje kunne barbere skjegg for 20 000kr, ei heller barbere hovud for 75 000kr. Utan konkurranse hadde ikkje Dybvik kunne forbetre MEGA rull tida si med heile 23 sekundar (ny rekord på 3:20!). Det er mykje å takke for etter ein sånn dag, for utan dykk hadde det ikkje vært det same.

Ein spesiell takk til Anders Hansen og Åtgaum som supplerte oss med denne hermetiske silden ein ofte kun har eit forhold til gjennom videoar på nettet, virkelig eit verdig delmål å avslutte med!