Informasjon og FAQ

Som deltakar må du først og fremst betala deg inn. Dette kan du gjere før du kommer via nettbestilling (sjå sida «billettar» for meir info) eller i døra når du ankommer lanet.

Så er det jo alltid nokon ting som du bør ha med deg, her er ein liten hugseliste:

  • PC med skjerm
    Me leige eller lånar ikkje ut PCer. Hugs å installere antivirusprogramvare(!) Virus spreiast ekstremt raskt på eit LAN så ta dine førehandsreglar! Det finst mange gratis antivirusløysningar på markedet.
  • Straumforgreinar
    Du får kun ett straumuttak og må derfor sørge for naudsynt forgreining slik at du får straum til PC, skjerm, mobilladar, osv.
  • Stol
    Me anbefalar alle å ta med sin eigen stol. Ein god kontorstol vil gjere helga betydeleg meir behageleg. Har du ikkje moglegheit til å ta med eigen stol, så vil det vere satt ut vanlege stoler som du kan bruke. Disse blir ein smule ubehagelige over ein periode med intensiv sitting.
  • Sovepose og liggeunderlag
    Om du har planar om å ikkje dra heim for å sove så må du ta med sovepose og liggeunderlag. Me har garderobane tilgjengeleg kor deltakarane kan sove og slappe av.
  • Personleg hygiene
    Hugs at det er mangen som kjem til å vere rundt deg til ei kvar tid under lanet, så me anbefalar at du regelmessig får deg ein dysj, og at du alltid har ein deodorant tilgjengeleg.

Informasjon til foreldre/foresatte

Vårt mål er å lage eit trivelegt og trygt arrangement for datainteressert ungdom i alle aldrar. Det betyr mellom anna at me har nulltoleranse for personar som er påverkja og/eller nyttar høve til inntak av rusmidlar og me tolerer heller ikkje noko form for mobbing eller annan utilbørleg oppførsel. Me har eit crew av myndige personar som sørgjer for vakthald og ser til att ingen uvedkomande får adgang til hallen og elles opprettheld normal orden.

All video og bilete tatt under IPX vil kunna bli brukt i våre sosiale medier, samt aviser som måtte trenge bilete til annonser/artikklar.

Av praktiske detaljar kan me nemna:

  • Det vil vera kiosk som er åpen under heile arrangementet der deltakarane kan få kjøpt mineralvann, kioskvarer og annan varmmat.
  • Det vil vera lagt opp til soveplassar under heile arrangementet for dei som ynskjer dette.
  • Som forelder kan du/dykk komme innom og sjekke til ditt barn/ungdom om dette skulle vera av interesse.

Generelle LAN-reglar

§1.1 Den norske lov

§2 Generell folkeskikk
§2.1 IPX er eit rusfritt arrangement, utan unntak. Du vil bli kasta ut og få ein reprimande med på kjøpet. Politiet vil verta kontakta umiddelbart.
§2.2 Eventuelle skadar på ditt eige utstyr er ikkje IPX sitt ansvar.
§2.3 Som deltakar har ein kun adgang til sjølve hallen, gangen og toaletta i gangen. All anna ferdsel inne på området vil føra til klypping av band og utvising.

§3 Straum
§3.1 Kun jorda stikkontakt. Utan unntak. Finn vi brot på denne regelen, medfører det til byting av stikkontakt.

§4 Teknisk utstyr
§4.1 Du har ikkje lov til å røre andre sitt utstyr utan deira samtykke.
§4.2 Du har ikkje lov til å røre IPX sitt utstyr. Dersom noko av utstyret vert skada eller ødelagt, skal det erstattast. I verste fall vert det politianmeldt.

§5 Utstyr
§5.1 Det er ikkje tillatt å ha med seg meir enn EIN datamaskin utan å ta dette opp med IPX-styret.
§5.2 Det er ikkje lov til å ha med seg store eller små anlegg, grunna støyen dette skapar i hallen, kun headset er lov.

§6 Crew
§6.1 Security crew har rett til å kaste deg ut av lokalet grunna brot på ein eller fleire av reglane, eller ved ignoranse for fleire åtvaringar.
§6.2 Security crew bestemmer når du har fått nok åtvaringar og har mandat til og kaste deg ut på kva som helst grunnlag, så sant du ikkje følger deira åtvaringar.

§7 Diverse
§7.1 Seksuell omgong er ikkje tolerert.
§7.2 Pengar vil ikkje verta refundert, utan ein særskild god grunn.
§7.3 Aldersgrense for arrangementet er 13 år, med unntak. (du får vera med samme året du fyller 13 år.)
§7.4 Du har ansvar for å ha lest og forstått reglane før/under/etter arrangementet.
§7.5 Reglane kan verta endra utan forvarsel.
§7.6 IPX fordømmer all form for rasisme og mobbing å slår hardt ner på slik oppførsel.

FAQ

Kva er IPX ?

Kor vert IPX arrangert?

Kor stort er arrangementet?

Kor mange skjermar kan eg ta med, eventuelt TV?

Må eg ta med nettverkskabel?

Kan eg ta med meg konsoll i staden for PC?

Kan eg reservera plass?

Er det mogleg å sova på IPX?

Må eg ta med meg eigen stol?

Kan eg kjøpa mat på IPX?

Må eg ta med eigen straumpadde?

Kan dykk sjå til mitt barn/ungdom under lanet?

Kan eg besøkje vener på IPX?