CREW

Bli ein del av IPX

Me riggar opp IPX på under 12 timar – noko me er utruleg stolte av. Det er berre mogleg takka vere eit fantastisk crew som legg ned ein enorm innsats og stiller opp med godt humør, energi og stå-på-vilje.

Difor set me stor pris på alle som ønskjer å vere med på å skape ei heilt unik oppleving – både for ungdomane som deltek, og for dei vaksne som framleis ikkje er heilt klare for å bli vaksne.

Er du fylt 16 år, arbeidsvillig, engasjert og har tid i haustferien? Då vil me gjerne høyre frå deg!

Send inn søknaden din så tidleg som mogleg. Jo tidlegare du søkjer, desto større er sjansen for at du får plass i den crew-avdelinga du ønskjer.

Dersom du ønskjer å søkje som vakt, må du ha fylt 18 år.

Me gler oss stort til å lese søknaden din – og håpar å ha deg med på laget!

Bli ein del av crewet

Security

Tryggleik og trivsel under arrangementet.

Security-teamet sørgjer for at IPX er ein trygg stad for alle deltakarar. Dei har ansvar for kontroll, oversikt og å hjelpe til dersom noko skjer.

  • ✓ Adgangskontroll
  • ✓ Vakthald
  • ✓ Tryggleik under arrangementet
  • ✓ Samarbeid med admin
  • Crew-farge: Raud

Food Supply

Mat, kiosk og forsyningar til deltakarane.

Food Supply sørgjer for at deltakarane har tilgang på mat, drikke og snacks gjennom heile arrangementet.

  • ✓ Drift av kiosk
  • ✓ Matservering
  • ✓ Påfyll av varer
  • ✓ Steiking av pizza
  • Crew-farge: Grøn

Compo

Turneringar og konkurransar.

Compo-teamet planlegg og gjennomfører konkurransane som skjer under IPX.

  • ✓ Oppsett av turneringar
  • ✓ Kampavvikling
  • ✓ Resultat og premiering
  • ✓ Kontakt med spelarar
  • Crew-farge: Gul

Event

Aktivitetar og underhaldning.

Event-teamet skapar liv og aktivitetar som gjer IPX til meir enn berre gaming.

  • ✓ Aktivitetar
  • ✓ Show og underhaldning
  • ✓ Sosiale arrangement
  • ✓ Deltakaroppleving
  • Crew-farge: Rosa

Rigg

Oppbygging og praktisk arbeid.

Rigg-teamet sørgjer for at alt fysisk utstyr kjem på plass før, under og etter arrangementet.

  • ✓ Bord og stolar
  • ✓ Straumoppsett
  • ✓ Utstyr
  • ✓ Nedrigging
  • Crew-farge: Orange

Admin

Planlegging og leiing av IPX.

Admin-teamet har det overordna ansvaret for planlegging, koordinering og gjennomføring av arrangementet.

  • ✓ Organisering
  • ✓ Koordinering av crew
  • ✓ Planlegging
  • ✓ Ansvar for arrangementet
  • ✓ Vidareutvikling
  • Crew-farge: Kvit

Support

Hjelp og rettleiing til deltakarane.

Support-teamet hjelper deltakarane med spørsmål, problem og generell rettleiing under IPX.

  • ✓ Deltakarhjelp
  • ✓ Teknisk støtte
  • ✓ Informasjon
  • ✓ Problemløysing
  • Crew-farge: Blå

Tech Net

Nettverk og teknisk infrastruktur.

Tech Net har ansvar for at nettverket fungerer stabilt og at deltakarane får ei god teknisk oppleving.

  • ✓ Nettverksdrift
  • ✓ Internett
  • ✓ Serverar
  • ✓ Teknisk overvaking
  • Crew-farge: Blå