Informasjon og FAQ
Som deltakar må du først og fremst betala deg inn. Dette kan du gjere før du kommer via nettbestilling (sjå sida «billettar» for meir info) eller i døra når du ankommer lanet.
Så er det jo alltid nokon ting som du bør ha med deg, her er ein liten hugseliste:
- PC med skjerm
Me leige eller lånar ikkje ut PCer. Hugs å installere antivirusprogramvare(!) Virus spreiast ekstremt raskt på eit LAN så ta dine førehandsreglar! Det finst mange gratis antivirusløysningar på markedet. - Straumforgreinar
Du får kun ett straumuttak og må derfor sørge for naudsynt forgreining slik at du får straum til PC, skjerm, mobilladar, osv. - Stol
Me anbefalar alle å ta med sin eigen stol. Ein god kontorstol vil gjere helga betydeleg meir behageleg. Har du ikkje moglegheit til å ta med eigen stol, så vil det vere satt ut vanlege stoler som du kan bruke. Disse blir ein smule ubehagelige over ein periode med intensiv sitting. - Sovepose og liggeunderlag
Om du har planar om å ikkje dra heim for å sove så må du ta med sovepose og liggeunderlag. Me har garderobane tilgjengeleg kor deltakarane kan sove og slappe av. - Personleg hygiene
Hugs at det er mangen som kjem til å vere rundt deg til ei kvar tid under lanet, så me anbefalar at du regelmessig får deg ein dysj, og at du alltid har ein deodorant tilgjengeleg.
Informasjon til foreldre/foresatte
Vårt mål er å lage eit trivelegt og trygt arrangement for datainteressert ungdom i alle aldrar. Det betyr mellom anna at me har nulltoleranse for personar som er påverkja og/eller nyttar høve til inntak av rusmidlar og me tolerer heller ikkje noko form for mobbing eller annan utilbørleg oppførsel. Me har eit crew av myndige personar som sørgjer for vakthald og ser til att ingen uvedkomande får adgang til hallen og elles opprettheld normal orden.
All video og bilete tatt under IPX vil kunna bli brukt i våre sosiale medier, samt aviser som måtte trenge bilete til annonser/artikklar.
Av praktiske detaljar kan me nemna:
- Det vil vera kiosk som er åpen under heile arrangementet der deltakarane kan få kjøpt mineralvann, kioskvarer og annan varmmat.
- Det vil vera lagt opp til soveplassar under heile arrangementet for dei som ynskjer dette.
- Som forelder kan du/dykk komme innom og sjekke til ditt barn/ungdom om dette skulle vera av interesse.
Generelle LAN-reglar
§1.1 Den norske lov
§2 Generell folkeskikk
§2.1 IPX er eit rusfritt arrangement, utan unntak. Du vil bli kasta ut og få ein reprimande med på kjøpet. Politiet vil verta kontakta umiddelbart.
§2.2 Eventuelle skadar på ditt eige utstyr er ikkje IPX sitt ansvar.
§2.3 Som deltakar har ein kun adgang til sjølve hallen, gangen og toaletta i gangen. All anna ferdsel inne på området vil føra til klypping av band og utvising.
§3 Straum
§3.1 Kun jorda stikkontakt. Utan unntak. Finn vi brot på denne regelen, medfører det til byting av stikkontakt.
§4 Teknisk utstyr
§4.1 Du har ikkje lov til å røre andre sitt utstyr utan deira samtykke.
§4.2 Du har ikkje lov til å røre IPX sitt utstyr. Dersom noko av utstyret vert skada eller ødelagt, skal det erstattast. I verste fall vert det politianmeldt.
§5 Utstyr
§5.1 Det er ikkje tillatt å ha med seg meir enn EIN datamaskin utan å ta dette opp med IPX-styret.
§5.2 Det er ikkje lov til å ha med seg store eller små anlegg, grunna støyen dette skapar i hallen, kun headset er lov.
§6 Crew
§6.1 Security crew har rett til å kaste deg ut av lokalet grunna brot på ein eller fleire av reglane, eller ved ignoranse for fleire åtvaringar.
§6.2 Security crew bestemmer når du har fått nok åtvaringar og har mandat til og kaste deg ut på kva som helst grunnlag, så sant du ikkje følger deira åtvaringar.
§7 Diverse
§7.1 Seksuell omgong er ikkje tolerert.
§7.2 Pengar vil ikkje verta refundert, utan ein særskild god grunn.
§7.3 Aldersgrense for arrangementet er 13 år, med unntak. (du får vera med samme året du fyller 13 år.)
§7.4 Du har ansvar for å ha lest og forstått reglane før/under/etter arrangementet.
§7.5 Reglane kan verta endra utan forvarsel.
§7.6 IPX fordømmer all form for rasisme og mobbing å slår hardt ner på slik oppførsel.
FAQ
Kva er IPX ?
IPX er eit LAN-party som blir arrangert ein gang i året. Dette er eit arrangement kor datainteresserte samlast med sine PCar/konsollar for å sosialiserast og spela saman. IPX er eit frivilleg arrangement og me mottar korkje statleg eller kommunal stønad. Det er heilfinansiert ved hjelp av adgangspris samt samarbeidspartnarar fra det lokala og nasjonala næringsliv.
Kor vert IPX arrangert?
IPX vert avholdt ved Stord idrettspark (Vikahaugane/Nyehallen), på Stord i Hordaland. Stord ligg omtrent 2 timar sør for Bergen og 2.5 timer nord for Stavanger. LANet finn stad i haustferien 2024, 5.-8. oktober.
Kor stort er arrangementet?
IPX tilbyr pr. dags dato sitteplassar til 304 deltakarar, kor 40 av plassane er våre premium “komfort” plassar.
Kor mange skjermar kan eg ta med, eventuelt TV?
Du kan ta med deg opptil 2 x 24″ eller ein skjerm/tv opp til 42″.
Må eg ta med nettverkskabel?
Nei me leggjer ut omlag 23 km med nettverkskabel, klar til å stikkast inn i din PC/konsoll.
Kan eg ta med meg konsoll i staden for PC?
Du kan ta med deg konsoll, men ynskjer du å ha med deg PC i tillegg så må ein ha kjøpt to billettar.
Kan eg reservera plass?
Når du kjøper billett velger du plassen du vil sitte på, det er ikkje mulig og førehands reservera billettar.
Er det mogleg å sova på IPX?
Me har 4 garderobar me stiller til disposisjon for soving om det skulle vere behov. Garderobane er fritt vilt, så her er ‘førstemann til mølla’ prinsippet som gjeld.
Kontakt oss på vår Facebook-side om de ynskjer nærare avklaring rundt soveplassar.
Må eg ta med meg eigen stol?
Me anbefalar at du tar med deg favorittstolen din, då stolane me kan tilby kan verte noko harde etter som timane går. Skulle du ha behov for noko større å sittje i, til dømes ein sofa eller liknande, så vert det påkrevd at ein har kjøpt 2 billettar.
Kan eg kjøpa mat på IPX?
Me er stolt av å kunne tilby 24 timers open kiosk kor ein kan få kjøpe de herligste læskedrikker, diverse varm mat, snacks og bakevarer til gode priser. Vårt matcrew er alltid på plass for å tilfredstille dine behov, så sant det lar seg gjere!
Må eg ta med eigen straumpadde?
Ynskjer du støyt under arrangementet er det lurt å ta med eiga padde. Hugs at padder utan jording ikkje vert sluppen inn, då dette er ekte fysaker.
Kan dykk sjå til mitt barn/ungdom under lanet?
Me har kontinuerleg vakthald som held oppsyn rundt arrangementet. Våre vaktar er sjølvsagt myndige, og har blant anna ansvaret for å passe på at eventuelle brannfarar, rusa personar og mobbing ikkje finn stad.
Skulle det vere eit ynskje for deg som føresatt å vitja din deltakar under arrangementet, så er du hjartleg velkommen inn!
Kan eg besøkje vener på IPX?
IPX tar gjerne i mot besøkjande under arrangementet. Det vil verte høve for å kjøpe pass for heile arrangementet (100,-) som besøkjande allereie på opningsdagen.
Som besøkjande på IPX har du moglegheita til å delta på våre scene-compos (konkurransar på scenen), og nokre av våre spelecompoar, til dømes F1 24 (Formula 1) kor den totale premiepotten er heile 7 500,-.
Me har også ein ‘retro-zone’ kor me har 2 flotte arcade maskinar med tusenvis av spel ein kan prøve, i tillegg til diverse retro spelkonsollar og DDR (Dance Dance Revolution) som er ein dansemaskin.
Det er også mulig å prøve VR, diverse brettspill og DND (Dungeons & Dragons)