Ipxggbanner25notxtb&w50%

Timeplan IPX 2025

Timeplan2025 Laurdag
Timeplan2025 Sundag
Timeplan2025 MÅndag
Timeplan2025 Tysdag
Nyhende25 3

PokePal kommer på IPX!

PokePal kommer på IPX i år, det blir stand på Laurdagen, kor han viser fram og selger Pokémon kort,
han avsluttar kvelden med ein av sine populære streams på TikTok.

Han har med seg nye packs, eldre og slabs!

Har du kort du vil kvitta deg med ? PokePal kjøper gjerne kort, så ta dei med deg og få ei vurdering av verdien!

Nyhende25 2

Når åpnar dørene?

Det nermar seg IPX 2025 og det er på tide og tenke på kvatid ein kjem seg inn i hallen på laurdag 04. Oktober.

Har du kjøpt komfort billett så kommer du inn klokken 11:00, ein time før dei med vanlig billett som blir slept inn kl 12:00.

Som besøkande kan du komma etter kl 13:00 på laurdagen eller når du vill i løpet av IPX.

Nyhende25

KJÆRE FØRESATT

Du har kanskje spelt dataspel i din ungdom? Ja kanskje til og med deltatt på LAN? Me i IPX ynskjer å halda vedlike- og vidarebringa denne formen for samankomst for ‘gamers’. Men diverre så opplever me at det moglegvis er litt dårleg informasjonsflyt til foreldre der ute som kanskje er skeptisk til kva IPX er, kva me står for reint haldningsmessig og kva me kan tilby.

IPX arrangerar igjen i år, slik me gjorde i fjor, året før der, og før der igjen. Ja, heilt tilbake sidan 1999 har IPX vorte arrangert oppe ved Vikahaugane Idrettspark. Me tilbyr det som ein kan kalla eit «super sosialt» arrangement for likesinna, kor alle som vil kan enten delta på spelkonkurransar, sceneshow med konkurransar eller rett og slett spela i lag med vennane sine slik ein sjølv vil. Og naturligvis har me nulltoleranse for rusmiddlar på vårt arrangement, og med eit stort vaktapparat så skal alle føla seg trygge på at dei blir ivaretatt kva enn tid på døgeret.

I 2021 fekk me æra av å motta Stord Kommune sin «Kulturpris», noko me satte enormt pris på. Ei merksemd som bekreftar at me gjere noko rett, og at vårt arrangement har livets rett i kulturlandskapet vårt.

4.-7. oktober arrangerar me igjen. Me vil væra der, har du nokon som vil?

Vitja vevsida vår www.ipx.gg eller finn oss på Facebook under namnet «IPX LAN»

Audmjuk helsing oss i IPX styret.

Csgo

Compo IPX 2025

Compoane under IPX 2025 er no annonsert! Sjekk ut Compo sida for meir info

Img 0570

Billettsalget IPX 2025

I morgon Lørdag 06. September 2025, kl. 17:00, opnar billettsalget til IPX 2025. Er du klar ??

Hi9a8613

IPX 2024 – Ved vegs ende, for denne gang..

Nok eit IPX er over, trøtte kroppar skal kvilast, mangen inntrykk skal fordøyast, forbetringar noterast og me klappar oss sjølve på skuldera for det som fungerar. Og medan me reflekterar på det som har vært så vil me takka alle deltakarar, besøkjande og føresatte som er med og engasjerar seg sjølve og sine ungdommar for å gjere IPX til det det skal vere; eit gøy arrangement! Utan dykkar deltaking hadde me vært ein gjeng med eldre boomers og ein kjempestor tom idrettshall. Igjen, tusen tusen takk for at dykk kjem på IPX!

IPXLAN er over for denne gang, men det betyr ikkje at det blir stille frå oss! Vidare ut året og i 2025 kjem det meir underhaldning på vår Twitch, og me snakkar allereie om å arrangere ei online adventsturnering.

Tusen takk for i år, utan dykk er me ingenting!

-IPX Styret

Timeplan

Timeplan!

Denne timeplanen er kun ein peikepinne, den vil med høg sannsynlighet bli endra langs vegen.

Compo/Konkurranse tidene kan variere utfrå kor mangen som deltek. o.l

Img 2995

Opningstider for deltakarar

No nærmar IPX seg med stormskritt, og med gledar oss alle til dykk kjem. I år som tidlegare år så har me valgt å tilby innehavarar av «komfortbillett» tidlegare adgang enn dei med «ordinærbillett». Dette for logistikken sin del og som ei fin gulrot for dei heldige som fekk tak i «komfortbillett».

Innslepp av deltakarar:
Komfortbillett: klokka 11
Ordinærbillett: klokka 13

Frå klokka 15 av er besøkjande hjarteleg velkomne.

Me gledar oss til at dykk kjem, sjåast på laurdag!

Rosasloyfe

IPX x Rosa sløyfe-aksjonen

For andre året på rad arrangerte IPX 12 timer stream til inntekt for Rosa sløyfe-aksjonen. Og for ein dag me fekk saman med alle dykk som var med å deltok. Enten du satt heime i godstolen, med oss her forran og bak kameraet. Utan dykkar engasjement og velvilje til å bidra hadde ikkje dette hatt livets rett, så frå alle oss til alle dykk; 82 000 takk! Mellom barberingar, gysarspel, slush styrting til cola- og MEGA rull compo, for ikkje å gløyma surstrømming. Dykkar ynskje til å sjå neste delmål vart med å bidra til 82 000kr som går uavkorta til årets Rosa sløyfe-aksjon!

Tusen takk til alle dykk som er med oss her frå vårt «studio» og som stort sett utan store protestar er deltakar i dei ulike delmåla. Utan dykkar hadde ein ikkje kunne barbere skjegg for 20 000kr, ei heller barbere hovud for 75 000kr. Utan konkurranse hadde ikkje Dybvik kunne forbetre MEGA rull tida si med heile 23 sekundar (ny rekord på 3:20!). Det er mykje å takke for etter ein sånn dag, for utan dykk hadde det ikkje vært det same.

Ein spesiell takk til Anders Hansen og Åtgaum som supplerte oss med denne hermetiske silden ein ofte kun har eit forhold til gjennom videoar på nettet, virkelig eit verdig delmål å avslutte med!