Hi9a8613

IPX 2024 – Ved vegs ende, for denne gang..

Nok eit IPX er over, trøtte kroppar skal kvilast, mangen inntrykk skal fordøyast, forbetringar noterast og me klappar oss sjølve på skuldera for det som fungerar. Og medan me reflekterar på det som har vært så vil me takka alle deltakarar, besøkjande og føresatte som er med og engasjerar seg sjølve og sine ungdommar for å gjere IPX til det det skal vere; eit gøy arrangement! Utan dykkar deltaking hadde me vært ein gjeng med eldre boomers og ein kjempestor tom idrettshall. Igjen, tusen tusen takk for at dykk kjem på IPX!

IPXLAN er over for denne gang, men det betyr ikkje at det blir stille frå oss! Vidare ut året og i 2025 kjem det meir underhaldning på vår Twitch, og me snakkar allereie om å arrangere ei online adventsturnering.

Tusen takk for i år, utan dykk er me ingenting!

-IPX Styret

Timeplan

Timeplan!

Denne timeplanen er kun ein peikepinne, den vil med høg sannsynlighet bli endra langs vegen.

Compo/Konkurranse tidene kan variere utfrå kor mangen som deltek. o.l

Img 2995

Opningstider for deltakarar

No nærmar IPX seg med stormskritt, og med gledar oss alle til dykk kjem. I år som tidlegare år så har me valgt å tilby innehavarar av «komfortbillett» tidlegare adgang enn dei med «ordinærbillett». Dette for logistikken sin del og som ei fin gulrot for dei heldige som fekk tak i «komfortbillett».

Innslepp av deltakarar:
Komfortbillett: klokka 11
Ordinærbillett: klokka 13

Frå klokka 15 av er besøkjande hjarteleg velkomne.

Me gledar oss til at dykk kjem, sjåast på laurdag!

Rosasloyfe

IPX x Rosa sløyfe-aksjonen

For andre året på rad arrangerte IPX 12 timer stream til inntekt for Rosa sløyfe-aksjonen. Og for ein dag me fekk saman med alle dykk som var med å deltok. Enten du satt heime i godstolen, med oss her forran og bak kameraet. Utan dykkar engasjement og velvilje til å bidra hadde ikkje dette hatt livets rett, så frå alle oss til alle dykk; 82 000 takk! Mellom barberingar, gysarspel, slush styrting til cola- og MEGA rull compo, for ikkje å gløyma surstrømming. Dykkar ynskje til å sjå neste delmål vart med å bidra til 82 000kr som går uavkorta til årets Rosa sløyfe-aksjon!

Tusen takk til alle dykk som er med oss her frå vårt «studio» og som stort sett utan store protestar er deltakar i dei ulike delmåla. Utan dykkar hadde ein ikkje kunne barbere skjegg for 20 000kr, ei heller barbere hovud for 75 000kr. Utan konkurranse hadde ikkje Dybvik kunne forbetre MEGA rull tida si med heile 23 sekundar (ny rekord på 3:20!). Det er mykje å takke for etter ein sånn dag, for utan dykk hadde det ikkje vært det same.

Ein spesiell takk til Anders Hansen og Åtgaum som supplerte oss med denne hermetiske silden ein ofte kun har eit forhold til gjennom videoar på nettet, virkelig eit verdig delmål å avslutte med!

Kanskje

IPX strøymer til inntekt for Rosa sløyfe-aksjonen!

IPX avholder nok ein gang 12 timar med strøyming til inntekt for Rosa Sløyfe-aksjonen!

I år vert det 13 delmål som låsast opp etter kvart som donasjonsmåla blir oppnådd.

I 2023 samla IPX x Rosa Sløyfe streamen inn rett i overkant av 33 000kr, klarar me saman å overgå det i år?

Me inviterar alle til å vere med på 12 timar med galskap, humor, gaming og alt i mellom.

Bli med oss frå kl 11!

Følg med på: Twitch/IPXLAN

Direkte til innsamlingen: Rosa Sløyfe

Delmål 2024

  • 1000kr: Me spelar horror/survivalspelet «Backrooms: Escape together» med venner
  • 5 000kr: WoW Hardcore «Makh’Gora» duel mot Nikolai (kven vinn i 2024?)
  • 10 000kr: Hascum sitt skjegg ryker.
  • 12 500kr: Pjeh sine bein vert voksa.
  • 15 000k: Cola compo med Hascum, DjKhaled og Dybvik.
  • 17 500kr: MEGA rull compo med DjKhaled og Dybvik (slå rekord på 3:43?).
  • 20 000kr: Stian sitt skjegg forsvinner.
  • 25 000kr: Slikkepinn med 4 millionar scoville einhetar vert konsumert.
  • 30 000kr: Slush styrting, taparen må gjere Cinnamon challenge.
  • 35 000kr: Kjell Kongsvik sitt «meterslange» skjegg ryker. RIP.
  • 37 500kr: Dybvik voksar ryggjen..
  • 40 000kr: Minimurstein tatoverar seg med blå bringebærslush.
  • 45 000kr: Surstrømming…
  • 50 000kr: Bading i havet.
  • 55 000kr: Dj Kahled voksar nase håro og Dybvik ete soure pickel
  • 60 000kr: Dj kahled drikker Soure pickel vatn
  • 62 500kr: Handlenett frå satire konto Borgermester framnes blir auksjonert bort
  • 75 000kr: Nikolai klypper vekk håret.

Doner 300kr, og vær med i trekninga av ei Eska med Bawls

Bawls

You have to have BAWLS, and we got it!

BAWLS er tilbake og tilgjengelig for deg under årets IPX!

Sidan tidleg 2000-talet har BAWLS Guarana vært ein fast følgjesven under arrangementa, men har ikkje vært å oppdrive dei siste åra. Denne titanen innan «gaming fuel» gjere altså eit comeback, og det gledar oss å kunne gjere den tilgjengelig for nettopp deg.

Den umiskjennelege blå flaska med nuppar kjem i eit begrensa opplag så her gjeld det å vere «på»!

Sporjing

COMPO ? Kva compoar har me i år ?

Compoar er enda uavklart då me ynskjer større samhandling med nettopp dykk for kva spelcompoar me skal ha. I skrivande stund så pågår deg ei avstemming på vår Discord (kanalen «#spørjing»), og me oppfordrar alle til å ta del i kva compoar me skal ha!

Ikkje gå glipp av årets høgdepunkt innan sosial gaming glede på vestlandet! 50 000kr skal bort i premiepengar, me skal få nye legendar på scene compoar og minner for livet skal lagrast på din biologiske harddisk. Alt dette og mykje meir er tilgjengelig for deg når kalenderen visar 5. oktober, så ting din billett i dag!

Trykk her for og kommer til Discord serveren.

Stiandyb

Har du kjøpt billett ?

IPX 2024 er rett rundt hjørna, og det betyr ein ting, billettane er ute og du tingar din lett her på ipx.gg.

Ikkje gå glipp av årets høgdepunkt innan sosial gaming glede på vestlandet! 50 000kr skal bort i premiepengar, me skal få nye legendar på scene compoar og minner for livet skal lagrast på din biologiske harddisk. Alt dette og mykje meir er tilgjengelig for deg når kalenderen visar 5. oktober, så ting din billett i dag! vestlandet, tinga din billett i dag!

Ipx Nyhet

Blir det IPX i 2024 ?

Det kjem mangen spørsmål om det vert IPX i år, og det kan me sjølvsagt med stor glede melde at det blir! Datoen er som vanleg lagt til første helga i haustferien!

Meir informasjon om billettsal og anna knask kjem så snart det er klart!

Img 0571

KVA TID OPNAR DØRANE ?

No nærmar IPX seg med stormskritt! og her kjem litt praktisk informasjon kva opning av IPX angår.

Innslepp:

klokka 11 opnar IPX for dei av dykk som har «KOMFORT»-billett.

Klokka 12 er det ordinær opning for alle!

Så det er berre å ta med seg det beste humøret ein har, og gjere seg klar til 4 dagar med action, humor og ville spele- og scene augneblink!