Publisert: 4. aug. 2026
Velkommen til Rekke vs. Rekke!
I samband med Pokémon sitt 30-årsjubileum i år, køyrer me ein gigantisk lagkonkurranse under IPX! Salen er delt inn i 7 rekker basert på ulike Pokémon-energiar og typar. Gjennom heile lanet skal de samla opp poeng saman, og gjengen med flest poeng stikk av med PokePokalen!
Rekkeoppsettet (Der du sit i salen):
-
Rad 1: Fire (Raud)
-
Rad 2: Ground (Oransje)
-
Rad 3: Electric (Gul)
-
Rad 4: Grass (Grøn)
-
Rad 5: Water (Blå)
-
Rad 6 (Komfort): Poison (Lilla)
-
Rad 7 (Komfort): Psychic (Rosa)
Slik skaffar ein rekke poeng:
Faste mini-events og sceneaktivitetar
Følg med på scenen og storskjermen gjennom lanet! Det vil dukka opp kjappe konkurransar som enten lagkaptein eller heile rekka skal delta på.
Offisielle turneringar (Compos)
Det å melda seg på og spela i dei offisielle LAN-turneringane (som CS, Rocket League, Minecraft, Pokétekken osb.) gjev poeng til rekka di! Klarar du i tillegg å kapra ein pallplass, sikrar du ekstra mange poeng til laget.
Orden og sikkerheit (Reinaste rekko)
Hald det ryddig! Crewet gjer ryddesjekkar kvar kveld og lønar dei rekkene som er flinkast til å rydda og panta tomflasker. Pass også på sikkerheita – crewet trekkjer frå poeng om dei finn grove sikkerheitsfeil.
Spesialmekanismar:
Encounter-kort
Nokre i Crew går rundt i salen med fysiske kort i lommene. Desse gjev dei ut til deltakarar som held god oppførsel– enten de ryddar, hjelper ein ukjend nabo med tekniske problem, spreier god stemning midt på natta eller løser ei kjapp utfordring. Ta med kortet til Security for å registrera poenga til rekka di!
Dørti Trix (Spesialangrep)
Kvar rekke har sine heilt eigne, taktiske superkrefter basert på sitt element. Desse kan de bruka éin gong i løpet av lanet for å enten sabotera for andre eller gje dykk sjølv eit skikkeleg poenghopp. Samarbeid med rekka di for å finna ut når de skal aktivera dykkar hemmelige våpen!