
§ 1.0 IPX
IPX er ein norsk frivillig organisasjon som arrangerer datapartyet IPXLAN og driv tilhøyrande digitale plattformer og fellesskap gjennom heile året. Organisasjonen arbeider for å skape eit trygt, inkluderande og triveleg miljø for alle deltakarar, frivillige og medlemmar.
Reglane i dette kapittelet er generelle reglar som gjeld for alle som deltek i eller nyttar tenestene til IPX. Dei gjeld på tvers av alle plattformer og arenaer i regi av IPX, mellom anna nettsida, Discord-serveren, arrangement og andre aktivitetar som blir arrangerte av organisasjonen.
Ved å delta på arrangement, bruke tenestene til IPX eller vere ein del av fellesskapet, forpliktar du deg til å følgje desse reglane. Brot på reglementet kan føre til modereringstiltak, utestenging frå digitale plattformer, bortvising frå arrangement eller andre nødvendige reaksjonar, avhengig av kor alvorleg brotet er.
Utestenging frå éi eller fleire av IPX sine plattformer eller tenester inneber òg utestenging frå alle arrangement i regi av IPX så lenge utestenginga gjeld. Tilsvarande kan personar som blir utestengde frå arrangement i regi av IPX òg bli utestengde frå IPX sine digitale plattformer og tenester. Utestenging gjeld dermed på tvers av alle plattformer, tenester og arrangement i regi av IPX, med mindre IPX uttrykkeleg har fastsett noko anna.
§ 1.1 Alder
Du må minst gå på ungdomsskulen (det året du fyller 13 år) for å delta på arrangement i regi av IPX.
For å bruke Discord må du vere minst 13 år. Dersom du enno ikkje har fylt 13 år, rår vi til at føresette hjelper deg dersom det er nødvendig.
§ 1.2 Språk
IPX er ein norsk organisasjon, og IPXLAN er eit norsk arrangement. Vi nyttar derfor norsk som hovudspråk. Engelsk kan brukast når det er nødvendig.
§ 1.3 Reglar
IPX kan endre reglementet ved behov. Oppdaterte reglar vil bli gjorde tilgjengelege for deltakarane.
§ 1.4 Åtferd
IPX har nulltoleranse for mobbing, trakassering, diskriminering og rasisme. Slike handlingar kan føre til bortvising frå arrangementet og kan bli melde til politiet dersom forholdet er straffbart.
Alle brukarar skal vise omsyn til at serveren har medlemmer frå 13 år og oppover. Sjølv om ei handling ikkje er uttrykkeleg forbode i reglementet, tyder ikkje det at ho er akseptabel.
Dersom personalet vurderer åtferda di som forstyrrande, upassande eller til vesentleg ulempe for andre, kan dei setje i verk eigna modereringstiltak.
§ 2.0 Discord
IPX nyttar Discord som plattform for innlogging, informasjon, billettsal og kommunikasjon med brukarane. Discord og nettsida til IPX er synkroniserte, og reglementet gjeld på begge plattformene. Dersom du blir utestengd frå éi av plattformene, kan du bli utestengd frå alle plattformene til IPX. Dette inneber at du heller ikkje vil kunne delta på IPXLAN. Ved å opprette ein Discord-konto har du godteke Discord sine Terms of Service og Community Guidelines.
§ 2.1 Lyd
Det er ikkje tillate å spele av svært høg eller sjenerande lyd, inkludert lyd frå videoar. Bruk av stemmeendrarar og lydbrett skal haldast på eit minimum slik at alle får ei god oppleving i talekanalane.
Strøyming eller samtalar som bryt med reglementet, er heller ikkje tillate i talekanalane.
§ 2.2 Reklame
Det er ikkje tillate å dele reklame eller marknadsføre eigne eller andre sine tenester utan løyve frå IPX. Dette omfattar mellom anna lenkjer til Discord-serverar, YouTube-kanalar, nettsider og liknande.
§ 2.3 Omsyn
Vi ønskjer at samhandlinga på serveren skal vere naturleg, hyggeleg og inkluderande. Vis godt skjønn og ta omsyn til andre. Sarkasme og spøk kan vere vanskeleg å forstå for personar som ikkje kjenner deg, så ver merksam på korleis bodskapen din kan bli oppfatta.
§ 2.4 Ryddig bruk av kanalane
Dersom ein diskusjon høyrer heime i ein annan kanal, skal han flyttast dit. Dette bidreg til å halde serveren oversiktleg og gjer det enklare for alle å finne relevant innhald.
§ 2.5 Rettleiing
Du treng ikkje vere administrator eller moderator for å hjelpe andre med å bruke serveren på ein god måte. Vi oppmodar alle til å bidra til eit positivt miljø ved å rettleie kvarandre på ein høfleg og respektfull måte.
§ 2.6 Delt innhald
Del berre informasjon om deg sjølv. Det er ikkje tillate å dele personopplysningar om andre utan samtykke.
IPX har nulltoleranse for trakassering, doxing eller liknande handlingar. Private konfliktar skal handterast privat.
§ 2.7 Spoiler og upassande innhald
Alt innhald som blir delt i offentlege kanalar, inkludert profilbilete og profiltekst, skal vere eigna for alle aldersgrupper på serveren.
Pornografisk eller grovt valdeleg innhald er forbode.
Når du omtalar filmar, spel, bøker eller anna media som kan røpe handlinga, skal du bruke spoilermarkering. Vi tilrår òg å leggje ved ei kort innhaldsåtvaring, til dømes: «Åtvaring: røper handlinga.»
§ 2.8 Moderering
Vis respekt for moderatorane og avgjerdene deira.
Moderatorane har ansvar for å handheve reglementet og vurderer kvar sak etter eige skjønn. Avgjerdene deira skal respekterast. Dersom du ikkje følgjer reglementet eller opptrer på ein måte som skaper utryggleik eller vesentlege forstyrringar, kan du bli utestengd frå Discord-serveren og eventuelt frå arrangement i regi av IPX.
§ 3.0 IPXLAN
Reglane i dette kapittelet kjem i tillegg til dei generelle reglane og vilkåra for IPX og gjeld den fysiske gjennomføringa av arrangementet IPXLAN. Dei gjeld for alle deltakarar, gjester, frivillige og andre som oppheld seg på IPXLAN under arrangementet. Formålet med reglane er å skape eit trygt, inkluderande og triveleg miljø der alle kan delta på like vilkår.
Ved å delta på IPXLAN forpliktar du deg til å følgje reglementet og rette deg etter pålegg frå arrangørar og Security Crew. Brot på reglementet kan føre til åtvaring, bortvising eller andre nødvendige tiltak, avhengig av kor alvorleg brotet er.
Alt foto- og videomateriale som blir teke under IPXLAN, kan bli nytta av IPX i eigne informasjons- og marknadsføringskanalar, inkludert sosiale medium og nettsider. Materialet kan òg bli gjort tilgjengeleg for pressa og nytta i aviser eller andre medium i samband med omtale av arrangementet.
§ 3.1 Rusfritt arrangement
§ 3.1.1 Nulltoleranse
Arrangementet er rusfritt. Det er nulltoleranse for alkohol og andre rusmiddel under heile arrangementet.
§ 3.1.2 Mistanke
Ved rimeleg mistanke om oppbevaring eller bruk av alkohol eller andre rusmiddel kan Security Crew be om å kontrollere bagasje og gjennomføre promilletest. Dersom mistanken blir stadfesta, kan deltakaren bli bortvist frå arrangementet. Politiet kan òg bli kontakta dersom forholdet tilseier det.
§ 3.2 Hærverk og tjuveri
§ 3.2.1 Skade
Deltakarar som gjer skade på eigedelar som tilhøyrer andre deltakarar, IPX eller lokala der arrangementet blir halde, kan bli bortviste frå arrangementet og haldne økonomisk ansvarlege for skaden. Politiet kan bli kontakta ved alvorlege eller straffbare forhold.
§ 3.2.2 Ansvar
Kvar deltakar har sjølv ansvar for eigne eigedelar. IPX tek ikkje ansvar for tap, tjuveri eller skade som oppstår under arrangementet, med mindre dette kjem av aktløyse frå IPX si side.
§ 3.2.3 Ferdsel
Deltakarane har berre tilgang til LAN-hallen, gangareala og toaletta som er opne for arrangementet. Ferdsel i andre område utan løyve kan føre til bortvising.
§ 3.3 Teknisk utstyr
§ 3.3.1 Straum
Alt elektrisk utstyr skal nyttast med jorda støpsel. Bruk av ujorda støpsel er ikkje tillate. Ved brot på denne regelen skal deltakaren byte til godkjent utstyr før vidare bruk.
§ 3.3.2 Deltakarars eigendelar
Det er ikkje tillate å røre eller nytte utstyret til andre deltakarar utan samtykke frå eigaren.
§ 3.3.3 Arrangørens utstyr
Det er ikkje tillate å røre eller nytte utstyr som tilhøyrer IPX utan løyve frå arrangøren. Skade på utstyr kan medføre erstatningsansvar. Alvorlege tilfelle kan bli melde til politiet.
§ 3.4 Forbodne gjenstandar
§ 3.4.1 Sekundære datamaskiner
Det er ikkje tillate å ta med meir enn éin datamaskin utan førehandsgodkjenning frå IPX-styret. Dette omfattar òg mini-PC-ar, serverar og liknande einingar som Raspberry Pi til dømes.
§ 3.4.2 Lydutstyr
Det er ikkje tillate å ta med høgtalarar eller anna lydutstyr. All lyd skal spelast av gjennom headset eller øyretelefonar.
§ 3.4.3 Kjøleskap
Det er ikkje tillate å ta med kjøleskap som er større enn eit lite kjøleskap med kapasitet til om lag tre til fire boksar.
§ 3.4.4 Våpen
Det er forbode å ta med softgun, kniv, fyrverkeri eller andre gjenstandar som kan utgjere ein fare for personar eller eigedom.
§ 3.5 Security
§ 3.5.1 Åtvaringar
Security Crew har ansvar for å handheve reglementet. Dei kan gje åtvaringar eller bortvise deltakarar ved brot på reglane.
§ 3.5.2 Bortvising
Ved gjentekne eller alvorlege brot på reglementet kan Security Crew bortvise deltakarar frå arrangementet. Avgjerdene skal vere saklege og byggje på reglementet.
§ 3.6 Energidrikk
§ 3.6.1 Legitimasjon
Frå og med 1. januar 2026 gjeld det ei lovpålagd aldersgrense på 16 år for kjøp av energidrikk. Deltakarar må kunne leggje fram gyldig legitimasjon dersom dette blir kravd ved kjøp.
§ 3.6.2 Langing
Personar som har fylt 16 år, har ikkje høve til å kjøpe energidrikk på vegner av personar som ikkje har fylt den lovpålagde aldersgrensa. Brot på denne regelen kan føre til bortvising frå arrangementet og kan bli meldt til politiet dersom forholdet blir vurdert som straffbart.
§ 3.7 Diverse
§ 3.7.1 Seksuell aktivitet
Seksuell aktivitet er ikkje tillate under arrangementet.
§ 3.7.2 Premiar
Fysiske premiar blir delte ut under premieutdelinga på arrangementet. Eventuelle pengepremiar blir utbetalte til vinnaren sin oppgjevne konto etter at arrangementet er avslutta.
§ 3.7.3 Deltakaravgift
Deltakaravgifta blir ikkje refundert, med mindre IPX etter ei konkret vurdering godkjenner dette.