Om IPXLAN
IPX har lange tradisjonar innan LAN og gaming, med aktivitet heilt tilbake til februar 1999. Sidan starten har målet vore det same – å skape gode møteplassar der gaming, konkurransar og fellesskap står i sentrum.
Gjennom fleire generasjonar med arrangørar har IPX halde fram som ein årleg tradisjon og samla spelarar frå fleire generasjonar.
Historia til IPX
Starten på IPX
Det første IPX-LANet blir arrangert i vinterferien 19. – 21. februar 1999. Ein gjeng med lokale eldsjeler startar det som skal bli starten på ein lang LAN-tradisjon.
Ei ny generasjon tek over
Nye krefter tek over ansvaret og vidarefører IPX-tradisjonen.
2. generasjon IPXEin pause
Tidene endrar seg. Internett blir allemannseige, og færre vel LAN framfor å spele heime.
Etter lågt besøkstal i 2009 blir det bestemt at IPX ikkje skal arrangerast i 2010.
IPX vaknar til liv igjen
Ein tidlegare arrangør tek initiativ til å prøve å få IPX tilbake.
IPX kjem tilbake
Etter fleire år pause blir IPX arrangert igjen. Frå 2014 blir arrangementet flytta til haustferien i oktober.
3. generasjon IPXIPXLAN held fram
Over 25 år etter første arrangement held IPX fram med same mål – gaming, fellesskap og gode opplevingar.
IPX sin visuelle historie
Gjennom over 25 år har IPX utvikla seg, og logoane har vore ein viktig del av identiteten til arrangementet.
IPX plakatar gjennom tida
Kvart IPX-arrangement har hatt sitt eige uttrykk. Her finn du plakatar frå arrangementa gjennom åra.
IPX-arkivet
Ei samling av bilete, dokument, design og minner frå over 25 år med IPX. Ting som viser historia bak arrangementet – både det som blei brukt og det som aldri kom på scena.
Gamle billettar
Historiske billettar frå tidlegare IPX-arrangement.
Ubrukte design
Logoar og idear som aldri blei ein del av IPX-profilen.
IPX i media
Artiklar og minner frå tidlegare arrangement.