Publisert: 29. sep. 2026
Når opnar dørene til IPX 2026?
No nærmar IPX 2026 seg med stormskritt! Laurdag 3. oktober opnar me dørene til årets LAN i Stord Idrettspark.
Dørene opnar til desse tidene:
Komfortbillettar – kl. 11.00
Deltakarar med komfortbillett får sleppe inn éin time før ordinær opning.
Alle andre billettar – kl. 12.00
Frå kl. 12.00 opnar dørene for alle deltakarar.
Ha ordrenummeret klart
Når du kjem til innsjekk, treng du e-posten med ordrenummeret ditt for å få sjekka inn.
Me anbefaler at du finn fram e-posten og har ordrenummeret klart før du kjem til innsjekk. Då går innsleppet raskare og smidigare for alle.
Me gler oss til å ønskja dykk velkomne til IPX 2026!