Publisert: 18. sep. 2026
Lag ditt eige spel på IPX 2026!
Har du lyst til å prøve deg på spelutvikling? I haustferien kjem BAKOM BUZZ til IPX og inviterer ungdom mellom 16 og 22 år til ein gratis spelworkshop!
Workshopen går føre seg 3.–4. oktober i Stord Idrettspark, og over to dagar får du prøve deg på å lage ditt eige spel i Unity. Du treng ingen forkunnskapar, og BAKOM BUZZ stiller med gaminglaptoper og alt utstyret du treng.
🗓 Laurdag 3. oktober
Kl. 13.00–18.00
Introduksjon til Unity, oppstart og design.
🗓 Sundag 4. oktober
Kl. 13.00–18.00
Programmering, ferdigstilling og premierevising.
🍕 Lunsj og snacks er inkludert.
Det er gratis å delta på workshopen, og du treng ikkje billett til IPX dersom du berre skal vere med på workshopen. Ønskjer du å delta på resten av LAN-et med eigen PC, må du ha vanleg deltakarbillett.
Har du lyst til å gå frå idé til ditt eige spel på berre to dagar? Meld deg på!
Workshopen blir arrangert av BAKOM BUZZ i samarbeid med IPX og Stord kommune.