Ofte stilte spørsmål
Her finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om IPX og IPXLAN. Dersom du ikkje finn svaret du leitar etter, kan du kontakte oss.
IPX er ein frivillig organisasjon som kvart år arrangerer IPXLAN – eit LAN-party for data- og spelinteresserte. Her samlast deltakarar med eigne datamaskiner og spelkonsollar for å spele saman, delta i konkurransar og vere ein del av eit sosialt og inkluderande miljø.
Arrangementet blir planlagt og gjennomført av frivillige, og IPX mottek ikkje offentleg støtte frå stat eller kommune. Drifta er derfor finansiert gjennom deltakaravgifter og samarbeid med lokale og nasjonale samarbeidspartnarar.
Målet vårt er å skape ei trygg, sosial og minnerik oppleving for alle deltakarar – uavhengig av erfaring, alder og kva spel dei likar å spele.
IPXLAN blir arrangert i Stord Idrettspark (Vikahaugane/Nyehallen) på Stord i Vestland fylke. Stord ligg om lag to timar sør for Bergen og to og ein halv time nord for Stavanger.
Arrangementet blir halde i haustferien 2026.
Med plass til 304 deltakarar er IPXLAN eitt av dei største LAN-arrangementa på Vestlandet. Arrangementet tilbyr både ordinære sitjeplassar og 40 Premium Komfort-plassar, som gir ekstra plass og betre komfort gjennom heile helga.
Sjølv om IPXLAN har vakse til å bli eit av dei større LAN-arrangementa i regionen, legg vi framleis stor vekt på den sosiale opplevinga, eit inkluderande miljø og eit tett samhald mellom deltakarane.
Når du kjøper billett, vel du sjølv kva sitjeplass du ønskjer, så lenge plassen er ledig. Det er ikkje mogleg å førehandsreservere sitjeplassar eller halde av billettar før dei blir kjøpte.
Ja. Vi stiller fire garderobar til disposisjon som soveområde for deltakarane. Soveplassane er ikkje reserverte, så her gjeld prinsippet om «førstemann til mølla».
Har du spørsmål om soveplassane eller treng meir informasjon, er du velkomen til å ta kontakt med oss via Facebook eller andre kontaktkanalar.
Ja. Vi er stolte av å kunne tilby ein døgnopen kiosk gjennom heile arrangementet. Her kan du kjøpe ulike typar mat og drikke, inkludert varme måltid, snacks, bakevarer og leskedrikkar til rimelege prisar.
Matcrew er til stades under heile arrangementet for å sikre god service og bidra til at deltakarane får dekt sine behov så langt det let seg gjere.
Ja. IPX ønskjer besøkande velkomne under arrangementet. Besøksbillett kan kjøpast for heile arrangementet (kr 100,-), og vert berre seld i døra frå opningsdagen.
Som besøkande får du tilgang til arrangementet og kan delta i utvalde aktivitetar, mellom anna scenekonkurransar og enkelte speleturneringar, til dømes Super Smash Bros.
Vi tilbyr òg ein retro-sone med arcade-maskinar, fleire retro spelkonsollar.
I tillegg kan besøkande prøve VR, ulike brettspel og Dungeons & Dragons (D&D).
Vi tilrår at du tek med din eigen stol, sidan stolane som blir tilbydde kan opplevast som noko harde over lengre tid.
Dersom du ønskjer å bruke større sitjeutstyr, til dømes sofa eller liknande, er det påkravd at du kjøper to billettar for å sikre tilstrekkeleg plass.
Dersom du og ein ven kjøper to plassar ved sidan av kvarandre, kan de òg ta med ein felles sofa som de sit i saman, så lenge dette ikkje går utover plass eller rømmingsvegar, og er godkjent av arrangøren.
Ja. Du kan ta med ein spelkonsoll i staden for ein PC, eller ta med begge delar dersom du ønskjer det.
Merk at dette ikkje gir deg meir bordplass enn det som følgjer med billetten din. Kvar billett inkluderer éin sitjeplass og éin nettverkstilkopling (éin nettverkskabel).
Du kan ta med opptil to skjermar på inntil 24 tommar kvar, eller éin skjerm eller TV på inntil 42 tommar. Dersom du ønskjer å ta med større eller fleire skjermar, må dette avtalast med arrangøren på førehand.
Nei. Du treng ikkje ta med eigen nettverkskabel. Vi legg ut om lag 23 kilometer med nettverkskabel før arrangementet, slik at det ligg ein nettverkskabel klar ved plassen din. Det einaste du treng å gjere, er å kople kabelen til datamaskina eller spelkonsollen din.
Vi tilrår at du tek med eigen straumfordelar (straumpadde) dersom du har behov for fleire straumuttak ved plassen din.
Merk at berre straumfordelarar med jording er tillatne. Utstyr utan jording vil ikkje bli godkjent til bruk under arrangementet av tryggleiksomsyn.
Vi har kontinuerleg vakthald gjennom heile arrangementet, der vaktene følgjer med på aktivitetar og miljøet i hallen. Vaktene er myndige og har ansvar for å bidra til eit trygt arrangement, mellom anna ved å førebyggje og handtere brannfare, rus, mobbing og andre uønskte situasjonar.
Dersom du som føresett ønskjer å besøkje deltakar under arrangementet, er du hjarteleg velkomen til å gjere dette.
Du må minst gå på ungdomsskulen (det året du fyller 13 år) for å delta på arrangement i regi av IPX.
For å bruke Discord må du vere minst 13 år. Dersom du enno ikkje har fylt 13 år, rår vi til at føresette hjelper deg dersom det er nødvendig.