Publisert: 19. sep. 2025
KJÆRE FØRESATT
Du har kanskje spelt dataspel i din ungdom? Ja kanskje til og med deltatt på LAN? Me i IPX ynskjer å halda vedlike- og vidarebringa denne formen for samankomst for ‘gamers’. Men diverre så opplever me at det moglegvis er litt dårleg informasjonsflyt til foreldre der ute som kanskje er skeptisk til kva IPX er, kva me står for reint haldningsmessig og kva me kan tilby.
IPX arrangerar igjen i år, slik me gjorde i fjor, året før der, og før der igjen. Ja, heilt tilbake sidan 1999 har IPX vorte arrangert oppe ved Vikahaugane Idrettspark. Me tilbyr det som ein kan kalla eit «super sosialt» arrangement for likesinna, kor alle som vil kan enten delta på spelkonkurransar, sceneshow med konkurransar eller rett og slett spela i lag med vennane sine slik ein sjølv vil. Og naturligvis har me nulltoleranse for rusmiddlar på vårt arrangement, og med eit stort vaktapparat så skal alle føla seg trygge på at dei blir ivaretatt kva enn tid på døgeret.
I 2021 fekk me æra av å motta Stord Kommune sin «Kulturpris», noko me satte enormt pris på. Ei merksemd som bekreftar at me gjere noko rett, og at vårt arrangement har livets rett i kulturlandskapet vårt.
4.-7. oktober arrangerar me igjen. Me vil væra der, har du nokon som vil?
Vitja vevsida vår www.ipx.gg eller finn oss på Facebook under namnet «IPX LAN»
Audmjuk helsing oss i IPX styret.